Solbriller blir delte inn i forskjellige kategoriar etter kor sterkt lys dei beskyttar mot. Nokre solbriller har så sterkt filter at dei ikkje bør brukast når du køyrer bil. Her er oversikta som hjelper deg å velje rett brille.
Design og passform er kanskje viktig når du skal velje solbriller, men viktigare er det at solbrilla beskyttar auga dine mot skadelege strålar. Dette krev at solbrillene har eit solfilter. Styrken på filteret avgjer kor sterk sol den beskyttar mot, og avgjer kva kategori brillene hamnar i:
Kategori 0 er for overskya vêr.
Kategori 1 er for delvis overskya.
Kategori 2 er for normal sol.
Kategori 3 er for sterk sol.
Kategori 4 er for høgfjell og ved sjøen. Solbriller med vern i kategori 4 er ikkje eigna dersom du skal køyre bil.