Passform, vektklasse og oppbevaring er faktorar som påverkar kor godt ein redningsvest fungerer. Her er gode råd til deg som skal kjøpe eller leige redningsvest til barn.
Alle som er i fritidsbåtar under åtte meter, skal ha på seg flyteutstyr når båten er i fart. Den som køyrer båten, har ansvar for at barn under 16 år har på seg eigna flyteutstyr.
Sjøfartsdirektoratet har meir informasjon om krava til bruk av flyteutstyr i fritidsbåt.
Det finst fleire typar vestar - flytevestar, tradisjonelle redningsvestar med krage og oppblåsbare redningsvestar. For mindre barn og andre som ikkje kan symje, er ein tradisjonell redningsvest med krage best eigna. Tradisjonelle redningsvestar har flyteelement som løftar heile overkroppen mot overflata og ein krage som hjelper til med å halde hovudet i ei oppreist stilling over vatnet.
Små barn bør ikkje bruke flytevestar. Flytevestar har sjeldan like god støtte til hovudet som tradisjonelle redningsvestar med krage. Små barn bør heller ikkje bruke oppblåsbar redningsvest. Flytevestar og oppblåsbare redningsvestar eignar seg best for dei som kan symje.
Ta barna med når du skal kjøpe eller leige redningsvest, slik at de vel riktig vektklasse og passform. Er redningsvesten for stor, risikerer du at flyteeigenskapane ikkje fungerer som tenkt. I verste fall kan vesten ramle av. Vêr også merksam på at bruk av bleie kan endre flyteeigenskapane til redningsvesten. Det kan vere lurt å bruke badebleie, som ikkje blir like tung som ei vanleg bleie når ho blir våt.
Flytevestar og redningsvestar skal vere CE-merkte. Dette er din garanti for at fabrikanten følgde alle gjeldande tryggleikskrav då dei produserte vesten. På vesten skal det også vere opplyst kor mange kilo han er meint for.
La barna trene på å flyte, gjerne med klede på, så dei venner seg til korleis redningsvesten verkar. Ver merksam på at redningsvesten ikkje vil klare å snu barnet frå mage til rygg på grunt vatn.
Mange av brannstasjonane i landet har redningsvestar til leige.
Gamle redningsvestar går ikkje ut på dato, men flyteeigenskapane kan bli dårlegare med tida. Test derfor ut vesten i kontrollerte former, og skift ut ved behov. Nyare redningsvestar har også gjerne betre passform enn gamle. Om ein eldre redningsvest framleis er brukande, avheng av korleis han er oppbevart og halden ved like.
Redningsvestar skal vere tydeleg merkte med korleis dei skal behandlast og haldast ved like. Generelt bør flyteutstyr lagrast hengande, luftig og tørt, skjerma for direkte sollys. Dersom du gjennom båtsesongen oppbevarer redningsvestar i båten, pass på at dei ikkje blir utsette for bensin- og oljesøl.