Redningsvest eller flytevest?

Flyteplagg har som viktigaste eigenskap å halde brukaren flytande. Det er likevel store forskjellar på korleis ulike typar vestar oppfører seg i praksis. Dette bør du vite før du vel.


Test før bruk

Brukaren si vekt, storleik og påkleding, og utforminga av flyteplagget er faktorar som påverkar korleis eit flyteplagg oppfører seg i praksis.

For at du skal ha best mogleg kontroll over korleis vesten fungerer, bør du lese bruksrettleiinga nøye. Både store og små kan også ha god nytte av å teste ut vesten i praksis for å bli betre kjend med eigenskapane.

I hovudsak finst det tre ulike typar vestar: redningsvest med krage, tradisjonelle flytevestar og oppblåsbare flytevestar.

Redningsvestar

Redningsvestar har ein krage som hjelper ein medvitslaus person å halde hovudet over vatnet. Desse vestane eignar seg spesielt godt for barn eller andre som ikkje kan symje. Dersom ein skal ferdast langt frå land, er det også lurt å velje redningsvest framfor flytevest.

Flytevestar

Tradisjonelle flytevestar er flyteplagg utan krage, forma som ein vest. Her får hovudet inga støtte. Flytevestar gjev brukaren ei oppreist stilling i vatnet og passar best for personar som kan symje eller som skal vere i nærleiken av land.

Oppblåsbare flytevestar

Det finst fleire typar oppblåsbare flytevestar - utforma som jakker, vestar eller såkalla "pølsevestar" som ein festar over skuldrene eller rundt halsen. Slike vestar gjev også ei meir oppreist stilling i vatnet og eignar seg best for større barn og vaksne som kan symje.

Oppblåsbare vestar skal i utgangspunktet blåsast opp automatisk, men du skal også kunne blåse dei opp manuelt ved å dra i ei snor eller blåse gjennom eit munnstykke. Dette kan vere vanskeleg for små barn i ein akutt situasjon. 

Påbode med flyteutstyr

Alle som er i fritidsbåtar under åtte meter, skal ha på seg eigna flyteutstyr når båten er i fart. Det er båtføraren sitt ansvar at barn under 15 år har eigna flyteutstyr på.

Sjøfartsdirektoratet har laga ei eiga rettleiing til vestpåbodet.

 

Vi tror dette er interessant for deg