Nokre tekstilar er meir brannfarlege enn andre. Her får du hjelp til å velje dei tryggaste alternativa.
Alle tekstilar kan brenne, men eigenskapane er svært forskjellige. Veit du til dømes kvifor du aldri bør bruke klede av akryl i nærleiken av bål?
>> Dette må du vite før du tenner bål.
Skal du kjøpe klede til barn, bør du vere spesielt merksam på kor lett produktet kan byrje å brenne. Spør beteninga der du handlar, eller sjekk merkinga sjølv.
Strukturen i stoffet er avgjerande for korleis stoffet brenn. Tynne og lette tekstilar som slepper til mykje luft, tek fyr og brenn raskt. Stoff som har lodden, ru eller porøs overflate, brenn lettare enn stoff med glatt og tett overflate.
Store, flagrande klede kjem lettare i kontakt med flammar enn tettsitjande klede. Spesielt utsett er vide erme, kjolar med stor vidde og tynne, flagrande skjerf. Slike klede brenn også fortare enn tettsitjande plagg fordi det er meir luft tilgjengeleg. Hugs dette når du kjøper kostyme til barn.
Klede kan også innehalde kjemikal som korkje er bra for helsa eller miljøet. Erdetfarlig.no fortel deg kva for stoff du bør styre unna.