Flyttbare oljeomnar er ikkje farlege. Likevel er det enkelte ting du skal hugse på dersom du vurderer å kjøpe eller allereie brukar oljefylte omnar.
Kjøp omnen hjå ein forhandlar som har kjennskap til produktet. Du bør også be om å få sjå dokumentasjon på at omnen er produsert i samsvar med EU-krav. Desse gjeld også i Noreg.
Ver til stades når omnen er skrudd på. Då oppdagar du det raskare viss omnen blir for varm, byrjar å leke eller andre feil oppstår. Ikkje bruk omnen når du er bortreist eller mens du søv. Bruk aldri skøyteleidning på ein flyttbar oljeomn. Dette kan vere brannfarleg.
Dekk aldri ein flyttbar oljeomn med klede eller andre ting. Sørg også for at omnen har god avstand frå brennbart materiale. Det er fort gjort å velte omnen under leik. Ver derfor ekstra forsiktig når små born eller dyr er i same rom som omnen.
Bruk aldri ein omn som lek olje. Dersom du oppdagar at omnen lek, lever den tilbake til forhandlaren. Dersom du skal rydde omnen vekk, sørg for at omnen blir oppbevart ståande.
Omnane bør bytast ut etter fem års bruk. Brukte omnar kan leverast inn hos ein elektroforhandlar eller på eit avfallsanlegg.