Mange bustadbrannar har rot i det elektriske. Om du følgjer desse enkle hugsereglane minskar du risikoen for brann i elektriske apparat.
Ein tommelfingerregel er at apparat som brukar over 1000 watt ikkje skal koplast til med skøyteleidning over lang tid. Apparat som brukar mykje straum krev leidningar som er tilpassa «mengda» straum som skal passere. Om du koplar desse til via skøyteleidning, kan du risikere at dimensjonane ikkje er kraftige nok. Dette kan igjen føre til brann. Panelomnar, flyttberre oljeomnar, tørketromlar og vaskemaskinar er døme på apparat som aldri skal vere på skøyteleidning.
Vaskemaskin og tørketrommel er ofte involvert i brann. Bruk berre desse apparata medan du er heime, og aldri når du søv. Hugs å reinse lofilteret i tørketrommelen etter bruk.
Komfyren er blandt dei verste i statistikken. Mange dødsbrann startar på komfyren fordi folk gløymer eller sovnar frå matlaginga. Desse brannane skjer ofte på nattetid. Hugs difor at det er tryggare å ete ute enn å lage mat på komfyren heime om du er svolten, trøytt og full.