Finn godkjend elektrikar

Alle bedrifter som lovleg skal utføre arbeid på elektriske anlegg i Noreg, skal vere registrerte i Elverkemdsregisteret. Sjekk om elektrikaren din driv lovleg verksemd.


Di plikt å sjekke

Det er ulovleg for verksemder å utføre elektriske arbeid utan å vere registrerte i Elverksemdsregisteret. Det er di plikt å sjekke at verksemda du hyrar inn, står oppført i registeret.

Søk i Elverksemdsregisteret (opnar seg i nytt vindauge)

Dette finn du i registeret

I Elverksemdsregisteret finn du alle verksemder, inkludert enkeltpersonsføretak, som har lov til å utføre elektriske arbeid i Noreg. Du kan også sjå kva typar elektriske arbeid dei kan utføre.

Det er namnet på verksemda, til dømes Hansen Elektro AS, som står oppført i registeret. Registeret inneheld også kontaktinformasjon.

Vi tror dette er interessant for deg