Fest lause leidningar godt for å unngå kvelingsfare og pass på at lampane ikkje blir for varme.
Tenk på tryggleiken til barnet når du skal montere lampar på barnerommet. Ver også nøye med å følgje varsel og instruksar som følgjer med lampane.
På barnerom bør du bruke lampar som er festa til veggen. Då unngår du at borna riv ned lampane eller leikar med dei.
Søk i produktregisteret etter lampar som er trekte tilbake frå marknaden.