Barnesikring i heimen

Små barn går gjerne på oppdagingsreise i huset. Dei flyttar seg raskt, klatrar på alt og puttar det meste i munnen. Her er våre tips til deg som vil vere føre var.


Fjern lause delar

Små barn puttar alt i munnen. Dei kjenner, et og bit på ting. Skruar eller andre smådelar på senger, vogner, gåstolar og liknande må derfor vere umogleg for barnet å løyse. Puttar barnet ein slik del i munnen, kan det i verste fall bli kvelt.

Beskytt skarpe hjørne

Små barn er i stadig rørsle, men har også lett for å miste balansen og ramle. Derfor er det viktig å unngå skarpe kantar og hjørne på møblar og liknande når ein har små barn. Gjer spisse hjørne meir barnevenlege ved å feste på avrunda hjørne i plast eller gummi. Slike hjørnevernarar får du kjøpt der dei sel barneutstyr.

Pass på opningar

Ved alt sped- og småbarnsutstyr er det spesielt viktig å vere merksam på mellomrom der barn kan bli hengjande fast og bli kvelte. Opningar må vere så store at heile barnet kjem igjennom, altså større enn hovudomkrinsen. Elles må opningane vere så små at barnet blir stoppa i brysthøgd dersom det sklir igjennom med beina først. Er eit mellomrom så stort at barnet kan få hovudet igjennom, må det også kunne få hovudet tilbake. Derfor er det viktig å unngå V-forma opningar der barnet kan kile seg fast.

Ta bort knottar og snorer

På barnerom og barneutstyr skal det ikkje vere knottar eller delar som stikk ut, mellomrom eller hol der klede eller snorer kan bli hengjande fast. Dette medfører fare for kveling.

Barneklede og -utstyr skal ikkje ha lange band eller snorer som barnet kan få tak i. Dersom snorene er over 22 centimeter lange, kan barnet få desse rundt halsen og bli kvelt. Snorer med løkker skal vere mindre enn omkrinsen på hovudet til barnet.

Plastposar og plastemballasje må oppbevarast utilgjengeleg for små barn. Plasten kan leggje seg over nase og munn slik at barnet ikkje får puste.

Unngå klemmefare

Fordi barn skal ta på alt og kjenne på alt, har dei lett for å klemme seg på rørlege delar t.d. på senger, leikegrinder o.l. Dette unngår ein ved at utstyret blir montert riktig og låst skikkeleg. Det er viktig at slikt utstyr heller ikkje kan låsast opp av barn som er utanfor senga eller leikegrinda.

Følg bruksrettleiinga

All informasjon som brukarrettleiing, vedlikehalds- og monteringsrettleiing skal vere på norsk eller anna skandinavisk språk. Denne informasjonen skal innehalde namn på produsent og eventuelt importør. Informasjonen må lesast og følgjast. På noko sped- og småbarnsutstyr følgjer det med leiketøy eller ein kan kjøpe leiketøy utanom og montere på. Dette leiketøyet skal tilfredsstille tryggleikskrava til leiketøy. Det hjelper ikkje om utstyret er sikkert, dersom det ikkje blir brukt slik som det er tenkt. Dei vaksne som har tilsyn med barnet, må følgje med at dette skjer.

Vi tror dette er interessant for deg