Barn under tre år elskar å utforske leiker og puttar dei gjerne i munnen. Derfor må du passe ekstra godt på at leika passar til alderen og ferdigheitene barnet har.
Små barn må ha solide leiker, som toler å bli kasta, bitne og rivne i utan å gå i stykke. Kjenn på leika før du kjøper henne. Sørg for at små delar er godt festa. Rangler og biteringar til spedbarn skal ikkje ha små delar som kan losne og tette barnet sine luftvegar. For å unngå kvelingsfare skal ballar og andre runde leiker helst vere minst fem centimeter i diameter, altså større enn ein golfball.
På mjuke tøydyr, dokker og bamsar, sjekk at saumane verkar haldbare. Spør også gjerne seljaren kva fyllet består av. Hugs at fyllet også kan innehalde små delar som kan tette luftvegane.
Hugs også at leiker med lange snorer og tau kan føre til kveling. Leiker som er spente over barnesenga eller vogna blir også straks meir farlege når barnet byrjar å reise seg opp på hender og kne.
Dersom ei mjuk plastleike luktar vondt, kan det tyde at ho inneheld giftige kjemikal. Miljødirektoratet har meir informasjon om leiker og farlege stoff.
Leiker med høg lyd, som pistolar, mobiltelefonar og bilar med sirener, kan skade høyrselen. Somme set ein teipbit framfor høgtalaren på leiker for å dempe lyden, men dette er ingen god ide. Dersom teipen ramlar av, kan barnet putte han i munnen, og han kan utgjere kvelingsfare. Det er betre å styre unna dei mest støyande leikene. På Miljødirektoratet sine nettsider kan du lese meir om kva krav som gjeld til lydnivået frå leiketøy
Alle leiker skal vere CE-merkte, som viser at produktet oppfyller EU sine tryggleikskrav. Leiker som ikkje eignar seg for små barn, skal vere merkte med åtvaring skriven på norsk. Sjå an forhandlaren og kjøp berre leiketøy frå seriøse forhandlarar der beteninga i butikken kan gje deg informasjon og rettleiing.
Finn produkt med farlege eigenskapar som er funne på den norske marknaden.