Sikre barneklede

Tenkjer du på tryggleik når du kjøper barneklede? Desse farane bør du styre unna.


Produsentar av barneklede må følgje strenge krav til tryggleik. Som forbrukar bør du også vere merksam på kva som kan vere farleg.

Unngå snorer og faste hetter

Styr unna barneklede med lange snorer og hetter som sit fast. Snorer og hetter kan gjere at barna heng seg fast under leik. I verste fall kan dei bli kvelte. Også lange, flagrande skjerf og andre lause tøydelar kan setje seg fast i til dømes leikeapparat. Fjern derfor snorer på klede heilt, eller klipp dei av. Unngå knutar, perler eller anna på snorene.

Brannfarlege materiale

Ta også ein ekstra kikk på merkelappen for å undersøkje kva materiale kleda er laga av. Desse tekstilane er mest brannfarlege.

Sjekk for lause delar

Dersom små delar på barneklede ikkje er festa godt nok, kan dei losne, puttast i munnen og setje seg fast i halsen til barnet. Sjekk derfor at små delar, som til dømes knappar og strammemekanismar for snorer, sit godt fast og ikkje kan dragast av.

Yttertøy bør ha refleks.

Vi tror dette er interessant for deg