Propangass er tilsett lukt slik at du raskt skal kunne oppdage lekkasje. Slik går du fram dersom du luktar gass eller på andre måtar mistenkjer at det lek ut propan heime.
Ved teikn på lekkasje
steng for gassen
luft grundig ved å opne vindauge og dører
stopp bruken av open eld og elektriske apparat
Ved alvorleg lekkasje og brann
forsøk å stengje ventilane
sørg for at alle personar kjem seg i sikker avstand frå brannstaden