Om du fyller bioetanol på ein peis eller lampe som brenn, kan det bli ein eksplosjonsarta brann. Du må difor vere heilt sikker på at flammen er sløkt før du fyller på bioetanol.
Dei siste åra er det registrert fleire alvorlege brannskadar ved bruk av bioetanolpeisar. Dei fleste brannskadane skjer på grunn av feil påfylling. Bioetanol er svært brannfarleg og brenn med ein svak, blå flamme som kan vere svært vanskeleg å oppdage.
Bioetanolpeisar, bordpeisar og liknande er i sal både i butikkar og på nett. Nokre monterast på vegg, andre på golv.
Du bør velje ein biopeis som er testa (sjekk i bruksrettleiinga). Om produktet manglar bruksrettleiing eller om rettleiinga ikkje finst på norsk, bør du ikkje kjøpe produktet. DSB krev at desse produkta er testa, dokumenterte og merka slik at bioetanolpeisane er trygge å bruka.