Slik melder du inn eit gassanlegg

Dersom du oppgraderer huset med til dømes gasspeis eller veggmontert gassomn, må du ofte ha ein nedgraven gasstank på eigedomen. Dersom tanken har eit volum på 0,4 kubikkmeter eller meir, må du melde inn gassanlegget til DSB.


Skjema for innmelding av gassanlegg

For å melde inn eit gassanlegg må du bruke skjemaet som heiter "Melding om handtering av farleg stoff". Det finn du i skjemaoversikta under kategorien "Farlege stoff og transport av farleg gods" på DSB si nettside. 

Utfylling av skjema

For å fylle ut skjemaet må du logge deg inn i Altinn på vanleg måte. I skjemaet må du blant anna registrere kontaktinformasjon og stadfeste anlegget på kartet. Du må også opplyse kva type anlegg du har, kva slags stoff anlegget bruker og kor stort volum tanken har.

Gassanlegg i bustader omfattar typisk ein lagertank med fast røyrnett inn til gassforbrukande utstyr. Dersom du har eit slikt anlegg, vel du "forbruksanlegg" i nedtrekkslista under "Anleggstype" i skjemaet. Bruker anlegget ditt propan, vel LPG (liquid petroleum gas) i nedtrekkslista med farlege stoff.

Ta vare på kvitteringa

Når innmeldinga er send, får du ei kvittering. Den må du må ta vare på. Innmeldinga må alltid stemme overeins med dei faktiske forholda på anlegget.

Vi tror dette er interessant for deg