Med enkelt vedlikehald kan du forhindre farlege gasslekkasjar.
Gasslangen er ”ferskvare” og blir tørr og morken etter ei tids bruk. Dersom slangen sprekk, lek gassen ut og kan gje eksplosjonsfare. Gasslangar bør bytast ut etter 2–5 år. Mykje sollys og temperatursvingingar er nokre av forholda som påverkar kor lenge ein slange held. Sjekk slangen for lekkasjar jamleg, slik at du alltid er sikker på at slangen er heil før du byrjar å bruke han.
Sørg for at regulatoren er riktig montert og låst fast på gassflaska før du opnar ventilen. Slik byter og monterer du gassflaska til grillen.