Gassanlegg i burettslag

Både styret og bebuarane i eit bustadsameige har ansvar for at gassanlegget blir brukt lovleg og sikkert. Manglande vedlikehald eller feil bruk kan føre til alvorlege ulukker.


Styret sitt ansvar

Før bustadsameige tei i bruk eit gassanlegg, skal styret melde anlegget inn til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Det gjer ein via Altinn. Dersom det er fleire bustadsameige som skal bruke same gassanlegg, kan innmeldinga av praktiske grunnar gjerast av gasselskapet.

Styret skal kunne leggje fram

  • dokumentasjon frå gasselskapet som viser at gassanlegget er konstruert, bygd, vedlikehalde og kontrollert i samsvar med regelverket
  • dokumentasjon på at anlegget blir drifta, vedlikehalde og kontrollert på ein sikker måte
  • situasjonsplan med oversikt over plassering av tank, røyr og så vidare
  • risikoanalyse på anlegget som er oppdatert ved eventuelle endringar
  • beredskapsplan der også ulukker med gass er tekne med
  • avtale med uavhengig kontrollør, teknisk kontrollorgan eller akkreditert inspeksjonsorgan, om systematisk tilstandskontroll av gassanlegget

Bebuarane sitt ansvar

Som bebuar er du ansvarleg for at anlegget i leilegheita di blir kontrollert og vedlikehalde jamleg. Dersom det blir brukt gassflasker i den enkelte leilegheita, er det viktig å vere klar over reglane for bruk, vedlikehald og oppbevaring.

Bebuarane har ansvar for

  • at det blir utført vedlikehald/service og kontroll av anlegget inne i eiga leilegheit og kunne dokumentere dette
  • å studere monterings- og bruksrettleiing før apparat og anlegg blir tekne i bruk
  • å vere kjent med beredskapsplanen for bustadsameiget
  • å vere på vakt mot gasslekkasjar og ta nødvendige forholdsreglar

Gass som lek ut, kan gjere lufta eksplosjonsfarleg. Open eld, røyking eller ein elektrisk gneiste kan tenne på gassen slik at han eksploderer. Gasslekkasje i ei leilegheit kan derfor raskt få konsekvensar for bebuarar i leilegheitene rundt. Propangass er tilsett lukt slik at du raskt kan oppdage lekkasje. Dette gjer du dersom du mistenkjer at det lek gass.

Vi tror dette er interessant for deg