Fast opplegg for gass - kva har du lov til?

Bruker du mykje gass heime eller på hytta, vurderer du kanskje å ha eit fast opplegg for gass. Her er oversikta over kva du kan gjere sjølv og kva du må overlate til fagfolk.


Gasslange eller fast røyropplegg

Som ufaglært har du lov til å montere inntil 1,5 meter gasslange med regulator mellom propanflaske og gassapparat, som til dømes komfyr eller grill. Du har ikkje lov å leggje gasslange gjennom vegg. Vil du leie gass gjennom vegg, må det gjerast gjennom faste røyr og dette må overlatast til fagfolk. Det same gjeld for alle typar gassrøyr.

Har gassopplegget stengjeventil, gassrøyr, tankar eller fordamparar, må du også overlate jobben til fagfolk.

Gassvarslar og alarmar

Du har sjølv lov til å setje opp gassdetektor og kolosdetektor, så lenge desse har batteri eller skal pluggast i stikkontakten. Hugs å sjekke bruksrettleiinga slik at du plasserer detektoren riktig. Lekkasjevarslar som skal festast på gassrøyret, må monterast av fagfolk.

Utvendig propanskap

Skap til oppbevaring av gass utandørs kan du montere sjølv. Utandørsskap for oppbevaring av gass skal vere i ikkje-brennbart materiale, til dømes stål. Gassflaskene skal oppbevarast ståande og sikrast mot å velte. Skapet skal vere låst.

Skal du oppbevare gass utandørs for vinterbruk, bør du velje gassflasker i stål framfor kompositt (lettvektsflaske). Dersom gassforbruket er høgt og temperaturen der flaska står er svært låg, kan dette gjere at du får for lite gass til gassapparatet.

Dette kan du montere sjølv

  • Gasslange inntil 1,5 meter mellom gassbehaldar og gassutstyr
  • Gassdetektor og kolosdetektor med batteri eller plugg til stikkontakt

Dette har du ikkje lov til å montere sjølv

  • Gassførande slange gjennom vegg
  • Gassførande røyr
  • Lekkasjevarslar som sit på gassrøyr
  • Stengjeventilar
  • Tankar, røyr, fordamparar osv.

Kva for fagfolk har lov til å hjelpe deg?

Ein som har fagbrev som røyrleggjar, industrirøyrleggjar, kuldemontør eller tilsvarande, og som i tillegg har gjennomført opplæring og bestått eksamen for installasjon av anlegg for gassformig brensel. Spør gjerne verksemda om dei har denne kompetansen før du avtaler å få jobben gjort.

Vi tror dette er interessant for deg