Transport og oppbevaring av diesel og fyringsolje

Det finst inga øvre grense for kor mykje diesel og fyringsolje du som privatperson kan oppbevare heime, men regelverket krev at du er aktsam. Her ser du kva det inneber i praksis.


Dette kan du lagre

Det finst inga øvre grense for kor mykje diesel og fyringsolje du som privatperson har lov til å oppbevare heime. Både verksemder og privatpersonar som skal lagre diesel og fyringsolje, er likevel underlagde krav til aktsemd (§ 5 i forskrift om handtering av farleg stoff). Det er likevel verdt å merke seg at regelverket er noko ulikt for privatpersonar og verksemder. Landbrukseigedomar, der det ofte blir oppbevart diesel, blir rekna som ei verksemd.

For deg som privatperson tyder kravet til aktsemd i praksis at du må tenkje igjennom kvar og korleis du oppbevarer dieselen, slik at du førebyggjer brann og anna ulukke.

Krav til oppbevaring

Diesel og fyringsolje kan oppbevarast både utandørs, innandørs og i uthus. Bensin er rekna for å vere ekstremt brannfarleg og er underlagd strengare restriksjonar. Diesel er ikkje like brannfarleg som bensin, men du bør likevel førebyggje brann også når du lagrar diesel.

Behaldaren eller tanken du bruker, skal vere eigna for oppbevaring av diesel eller fyringsolje. Sørg for at lagringsplassen er ryddig, og ikkje oppbevar unødvendig brennbart materiale i nærleiken. Sløkkjeutstyr bør vere lett tilgjengeleg.

Skal du oppbevare diesel og fyringsolje utandørs, bør du sørgje for minst 5 meter avstand til trevegger og anna brennbart materiale. Grilling, bålbrenning og andre kjelder som kan setje fyr på dieselen, bør også haldast minst 5 meter unna.

Tilrådde minimumsavstandar

  • til trevegg, brennbar bygning eller anna brennbart lagra materiale: 5 m
  • til dør, vindauge, kjellarnedgang, ventilasjonsopning, nabogrense og offentleg ferdselslinje: 4 m
  • til tennkjelde: 5 m

Transport av diesel

Som privatperson kan du frakte maksimalt 240 liter diesel per bil eller med kombinasjon av bil og tilhengjar. Eventuell diesel på den faste tanken i bilen skal ikkje reknast med. Enkeltbehaldarar kan ikkje innehalde meir enn 60 liter. Sørg for at både køyretøy og behaldarar er i forsvarleg stand, og gjennomfør transporten på ein forsvarleg måte. 

Slutt på gamle oljetankar

Når det gjeld diesel og fyringsoljer, så blir framleis mange norske bustader varma opp ved hjelp av eit sentralt anlegg som går på fyringsolje. Den norske regjeringa ønskjer å fase ut bruken av oljekjelar hos hushaldningane innan 2020.

Vi tror dette er interessant for deg