Dersom du finn eksplosiv, ikkje rør – ring politiet.
Ein må ha løyve for å oppbevare eksplosiv. Likevel finst det ulovleg lagra eksplosiv i naturen, eller i låvar, skjul og skur rundt om i landet. Slike eksplosiv kan vere svært farlege for born og andre som kjem i kontakt med dei.
Dersom du oppdagar eksplosiv: Ikkje rør, men ta kontakt med politiet på 02800. Politiet vil sjå til at dei blir destruert av forhandlar eller føretak med løyve til dette.
Du må aldri frakte eksplosiv på eiga hand. Viss ein granat eller gamal dynamitt går av, kan eksplosjonen vere dødeleg.