Slik klatrar du trygt med autobelay

Mange klatresenter har sjølvsikringssystem (autobelay) som gjer det mogleg å klatre trygt åleine. Ulukker med sjølvsikring skjer oftast fordi klatraren har gløymt å feste seg i sikringa. Her er dei viktigaste tipsa for å klatre trygt med autobelay.


Fest og dobbeltsjekk

Hovudårsaka til ulukker med autobelay er at klatraren har gløymt å feste seg i sikringstauet. Det er difor viktig å ta ein ekstra sjekk av sele og innfesting før klatreturen startar. Sjå ekstra godt etter at karabinen frå autobelayen er festa og låst til sentralløkka. Få gjerne ein kamerat til å sjekke for deg.

Ver merksam

Bruk alle sansar, inkludert auge og øyre, når du klatrar. Dropp musikk og proppar i øyrene. Viss du blokkerer høyrselen, kan du gå glipp av rop eller beskjedar med livsviktig informasjon.

Følg klatreruta som høyrer til din autobelay. På den måten unngår du pendelfall.

Sjekk bremsa

Når du startar, bør du klatre opp eit lite stykke og sleppe deg ned att. Då får du testa og forsikra deg om at bremsa fungerer slik ho skal. Før du slepp deg ned frå toppen, er det lurt å ta ein ekstra titt på selen og forsikre deg om at innfestinga framleis er i orden før du slepp deg kontrollert ned. Hugs å sjå ned for å sjekke at det ikkje står personar i vegen der du har tenkt å lande. Gi tydeleg beskjed dersom nokon står i vegen.

Fest tauet i sperreseglet når du er ferdig. Aldri fest tauet andre stader – heller ikkje mellombels.

Du finn meir informasjon og omfattande rettleiing i Norges klatreforbunds retningslinjer for bruk av autobelay.

Sjekkliste for klatring med autobelay

  • Fest deg i sikringstauet
  • Sjekk utstyret ditt
  • Gjer ein kameratsjekk
  • Sjekk at bremsa verkar
  • Følg klatreruta som høyrer til din autobelay
  • Bruk alle sansar, inkludert auge og øyre, når du klatrar
  • Sjekk at selen og innfestinga er i orden før du slepp deg ned
  • Sjå ned for å sjekke at landingsområdet ditt er klart
  • Fest tauet i sperreseglet når du er ferdig

Kva er autobelay?

Autobelay er eit sjølvsikringssystem som gjer det mogleg å klatre raskt og effektivt utan behov for kameratsikring. Klatraren koplar seg til ein vaier som er festa i en trommel øvst på klatreveggen. Trommelen trekkjer inn vaieren etter kvart som klatraren beveger seg oppover. Ved fall vil trommelen halde att vaieren.  Når klatreturen er over og klatraren set seg i selen, vil trommelen sleppe kontrollert ut vaieren slik at klatraren blir firt ned.