Sju av ti har tiltru til at tryggleiken deira er vareteken av arrangørane av ulike organiserte fritidsaktivitetar. Hugs at du sjølv har ansvar for å vurdere eigne ferdigheiter og risiko.
Skal du ta dykkarkurs, dra på rideleir, leige kano eller på brevandring med instruktør? Dei som arrangerer slike tenester, må rette seg etter eit regelverk som skal vareta tryggleiken din. Likevel har du sjølv eit ansvar for kva du gjev deg ut på.
Du har sjølv eit ansvar for å unngå skade. Det er du som må vurdere om tryggleiken ved aktiviteten ser god nok ut. Spør deg sjølv om du har dei rette føresetnadene for å delta, og svar ærleg.
Dei fleste reknar med at tryggleiken er teken hand om på ein skikkeleg måte. Mange trur også at arrangørane har beredskap, dersom det skulle skje noko. Dess yngre personane er, til høgare tillit har dei til arrangørane. Dette viser ei undersøking Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har gjort.
Styresmaktene har redningsberedskap, men hugs at redningsmannskapa ikkje alltid kan kome raskt fram – spesielt ikkje dersom du skal vere i aktivitet langt frå allfarveg, i ulendt terreng eller under vanskelege vêrforhold. Nokre gonger må redningsmannskapa også passe på at dei sjølve ikkje blir utsette for fare.
Har du opplevd ein arrangør som ikkje tar ansvaret sitt på alvor, eller har du opplevd at aktiviteten var direkte farleg? Meld frå, slik at ikkje andre opplever det same.