Fyrer du med ved eller gass innandørs, må du sørgje for god ventilasjon. Lufteluker og luftespalter må vere opne og rydda fri for snø.
Gass eller ved som brenn, bruker oksygen. Derfor er det viktig med god lufting når du bruker gass eller fyrer med ved innandørs. Mangel på frisk luft gjev fare for kolosforgifting.
Fleire skorsteinstypar har i dag lagt til rette for eige friskluftsinntak. Skorsteinen har to sjikt der det eine leier avgassar ut og det andre fører frisk forbrenningsluft inn. Friskluft kan også førast direkte inn i eldstad i eigen kanal.
Før du tenner opp i peisen eller skrur på gassen, må du sørgje for at lufteluker og luftespalter er opne, slik at frisk luft kan kome igjennom. Om vinteren kan det vere snø som sperrer for luftinga, då må du fram med spade. Pass også på at pipa ikkje er heilt dekt til av snø.
Skal du måke taket, har Direktoratet for byggkvalitet gode råd mot snøtunge tak