Følg desse råda for å unngå at hus og hage blir skadd unødvendig av storm.
Store gjenstandar som blir kasta rundt av vinden, kan gjere stor skade. Ved stormvarsel bør du derfor sikre eller rydde inn store gjenstandar, som til dømes hagemøblar, trampolinar og partytelt. Set leiker, blomsterpotter og mindre gjenstandar innandørs.
Har du takstein eller plater på taket, sørg for at desse sit godt fast. Sjekk også at takrenner, TV-antenner og anna på veggane til huset ikkje kan lausne. Presenningar over vedstablar, båtar og anna bør strammast til og festast godt, så vinden ikkje får tak under.
Seier vêrvarslet at det også er venta store mengder vatn, bør du også sørgje for at vatnet renn vekk frå huset. Sjå etter at lauv og anna ikkje tettar takrenner, avløp og sluk.
Når stormen kjem, bør du halde deg innandørs og lukke vindauge og dører godt til.
Hugs at ein kraftig storm kan skade infrastruktur knytt til både straum, vatn, internett, mobilnett og veg. I tillegg kan det føre til at kommunen og naudetatane får mange oppgåver på éin gong. Det er difor lurt at du ser over eigenberedskapslageret når det blir meldt om uvêr. Les meir om eigenberedskap for ei veke.
Det er ikkje uvanleg at ein finn straumleidningar liggande på bakken etter eit kraftig uvêr. Om du oppdagar desse, meld frå til det lokale nettselskapet. Hald god avstand og ta ikkje på straumleidningane, det kan være farleg.