Ekstrem kulde eller langvarige kuldeperiodar kan i verste fall gå på liv og helse laus. Her er nokre tips til korleis du kan ruste opp din eigen kuldeberedskap før gradestokken kryp nedover.
Store snømengder og sprengkulde kan vera ein farleg kombinasjon. Mykje snø kan auka faren for straumbrot ved at tre fell over straumleidningane. Samstundes kan store snømengder gjera det tidkrevjande for nettleverandøren å retta feil. Dei fleste bustader har elektrisitet som viktigaste kjelde til oppvarming – i mange nye bustader er straum den einaste varmekjelda. Eit langvarig straumbrot i kombinasjon med kuldeperiodar kan fort føra til at det vert mørkt og kaldt, også innandørs. Det kan fort bli kritisk dersom du ikkje har ein plan for å halda varmen.
Mange har straumapparat som einaste varmekjelde. Dei fleste er også avhengige av straum til matlaging og for å få varmt vatn. Dersom det er veldig kaldt ute, er du ekstra utsett ved straumbrot. Det er lurt å tenkje igjennom korleis du skal halde varmen dersom straumen plutseleg forsvinn. Ulltøy, dyner, teppe og soveposar hjelper godt - stearinlys kan óg hjelpe litt, men ofte trengst det ei oppvarmingskjelde i tillegg.
Les meir om alternative varmekjelder i saka "Slik held du varmen om straumen går"
Med mykje snø kan det vera vanskeleg å koma seg til butikken. Vi råder derfor til å ha litt ekstra av vatn, mat og andre naudsynte varer. Det er også lurt å ha eit lite lager av matvarer som du ikkje treng straum for å lage til. Lagrar du vatn, er du også betre rusta dersom vassrøyra frys.
Gassapparat, parafinomnar og bruk av peis forbruker oksygenet i lufta, medan karbondioksid og vassdamp blir sleppt ut i rommet. Med sprengkulde utanfor freistar det lite å lufte, men det er viktig at rommet får tilført frisk luft. Dersom normal ventilasjon ikkje er god nok, sørg for rask gjennomlufting innimellom.
Hugs også at mange varmeapparat (både gassdrivne og andre typar) berre skal brukast medan du er til stades og ikkje medan du søv.
Les også: Slik bruker du oljefylte omnar riktig
Ekstrem kulde og store mengder snø kan skape problem for infrastruktur knytt til både straum, vatn, internett, mobilnett og veg. I tillegg kan det føre til at kommunen og naudetatane får mange oppgåver på éin gong. Det er difor lurt at du ser over eigenberedskapslageret når det blir meldt om store mengder snø eller langvarige kuldeperiodar. Les meir om eigenberedskap for ei veke.
Mange er ikkje i stand til å førebu seg godt nok på ekstrem kulde. Eldre som bur åleine, kan vere spesielt utsette. Sjekk korleis det står til hos dine næraste og hos naboen. Har du behov for å søka husly hos nokon i den verste kuldeperioden – eller kan du tilby husly til nokon som treng det?
Treng du sjølv eller andre hjelp i kulda, ta kontakt med servicekontoret i kommunen.