Flaum kan føre til store øydeleggingar. Dersom flaumen er varsla på førehand, kan du førebu deg og avgrense konsekvensane.
I Noreg blir vêret kontinuerleg overvaka og store flaumar blir gjerne varsla ei tid i førevegen, anten gjennom vêrvarsling eller spesielle flaumvarsel. Dette gjer det mogleg både for privatpersonar og det offentlege å førebu seg best mogleg.
Flyttbare gjenstandar som campingvogner, båtar eller anna som blir lagra i hagen, bør sikrast eller flyttast. Slike ting er gjerne verdifulle. Dei kan også gjere stor skade på bruer og bygningar viss dei følgjer med vassdraget nedover.
Tenk førebyggjing og utnytt tida før vatnet kjem. For å avgrense skadane på eigen eigedom bør du spesielt sørgje for at takrennene er opne og at det ikkje ligg kvist eller lauv som sperrar for vatnet i avløp og mindre bekkar. Rydd også verdifulle gjenstandar opp frå kjellaren. Sjekk at vindauge og dører er godt lukka til, spesielt i kjellaren.
Flaum kan gjere skade på infrastruktur som vegar, straumnett og vassleidningar, og føre til at du blir isolert og mistar straum, mobildekning og vatn i springen. I tillegg kan det føre til at kommunen og naudetatane får mange oppgåver på éin gong. Det er difor lurt at du ser over eigenberedskapslageret når det blir meldt om flaum der du bur. Les meir om eigenberedskap for ei veke.
Nettstaden varsom.no visar om og når det er varsla flaum der du bur.