Ved kriser og ulukker er det viktig at du har tilgang på offisiell informasjon om kva som skjer og kva du bør gjere. Her kan du lese om kanalane som norske styresmakter kan nytte for å nå ut til folkesetnaden ved kriser.
Naudvarsel er ei teneste frå norske styresmakter. Ved ein alvorleg situasjon med akutt fare for liv og helse kan du få eit naudvarsel på mobiltelefonen. Føresetnaden er at du har 4G- eller 5G-dekning.
1250 varslingsanlegg (ofte kalla tyfonar eller flyalarm) er plasserte rundt om i større byer og tettstader. Når tyfonane tutar i tre seriar med pausar på eitt minutt mellom seriane, betyr det «viktig melding – søk informasjon». Dersom sirenene varslar med korte støyt i cirka eitt minutt, betyr det «fare for åtak – søk dekning». Når sirenene tutar samanhengande i eit halvt minutt, vil det seie at faren er over.
NRK har ansvar for å sende beredskapsmeldingar og viktig informasjon frå styresmaktene på radio. NRK P1 er beredskapskanalen som skal sikre informasjon til publikum også i situasjonar der andre nyheitsmedium og offentlege nettstader ikkje er tilgjengelege. NRK kan dessutan bryte gjennom med viktige meldingar til folkesetnaden på alle NRK-radiokanalar. Det speler såleis inga rolle om du høyrer på P13, P1+ eller andre NRK-kanalar.
For å få med deg informasjonen som styresmaktene sender ut til folkesetnaden, anbefaler vi at du har ein DAB-radio som går på batteri. Hugs at dei fleste nyare bilar også har DAB-radio.