
Krisesituasjonar er uoversiktlege, og informasjonen du får, påverkar vala du tek. Ved å vere kjeldekritisk kan du unngå å bli lurt av falske nyhende, og du kan bidra til å stoppe spreiing av feilinformasjon.
I kriser kan feilinformasjon lett spreie seg. Dette kan skje fordi krisa i seg sjølv skaper forvirring og mistydingar, eller fordi nokon spreier feilinformasjon med vilje – til dømes for å skiple samfunnet. Då gjeld det at du er nøye med å sjekke kjeldene du får informasjon frå, og tenkjer over kva informasjon du deler vidare.
Les meir på nettsidene til Medietilsynet om korleis du kan avsløre desinformasjon og falske nyhende.