Dette tyder flyalarmen

Rundt om i Noreg står 1250 anlegg som skal varsle folkesetnaden om akutt fare. Her kan du lese om når varslingsanlegga blir nytta, og kva signala betyr.


Kva betyr dei ulike signala?

  • Søk informasjon. Når tyfonane tutar i tre seriar med pausar på eitt minutt mellom seriane, betyr det viktig melding – søk informasjon. Viss du høyrer dette signalet, betyr det i praksis at du skal søkje informasjon. Informasjon om kva som skjer og korleis du skal forhalde deg, blir gitt gjennom ulike medium (t.d. radio, TV, nettsidene og dei sosiale mediekanalane til styresmaktene). Dette signalet kan bli nytta både i fredstid og krig. 
  • Flyalarm. Dersom sirenene varslar med korte støyt i cirka eitt minutt, betyr det fare for åtak – søk dekning. Dette signalet kan bli nytta ved øvingar i krigsberedskap eller fare for flyåtak. 
  • Faren er over. Når sirenene tutar samanhengande i eit halvt minutt, betyr det at faren er over. 
  • Høyr dei ulike signala på sivilforsvaret sine nettsider.

Varslingsanlegga blir ofte omtalte som flyalarmar og tyfonar, og kan bli nytta både i fredstid og krig for å varsle folkesetnaden ved akutt fare. I fredstid er det politiet som tek avgjerda om ei slik varsling. Dette kan vere aktuelt ved til dømes gassutslepp frå industri eller dambrot i vassmagasin. I krig kan Sivilforsvaret utløyse varslingsanlegga ved fare for flyåtak. 

Det finst rundt 1250 varslingsanlegg i Noreg. Flesteparten av dei ligg i byar og tettstader. Signala vil kunne høyrast av over halvparten av folkesetnaden. 

Varslingsprøve to gongar i året 

Sivilforsvaret gjennomfører ei landsomfattande varslingsprøve to gongar i året for å forsikre seg om at tyfonane fungerer og er klare til bruk. Prøva blir gjort klokka 12 den andre onsdagen i januar og juni. Ein testar då signalet viktig melding – søk informasjon. 

Vi tror dette er interessant for deg