Dette har du rett til å vite om industrinaboen

Dersom du er nabo til ei industribedrift som er underlagd dei strengaste krava i storulukkeforskrifta, har du krav på informasjon som handlar om tryggleiken din.


Alle storulukkeverksemder i Noreg (rundt 330 verksemder) har plikt til å gje naboane slik informasjon. Dette er bedrifter som handterer store mengder farlege kjemikal.

Du har krav på informasjon om

  • kva aktivitetar som går føre seg hos verksemda
  • namna på og eigenskapane til dei farlege kjemikala som blir brukte
  • faren for storulukker og moglege verknader for menneske og miljø
  • korleis innbyggjarane i området blir varsla og informerte ved ulukker
  • korleis innbyggjarane i området bør te seg ved ei storulukke

Kva bedrifter gjeld det?

Desse krava gjeld berre for verksemdene som er omfatta av storulukkeforskrifta. Dei verksemdene som er meldepliktige etter storulukkeforskrifta, skal ha informasjon tilgjengeleg på internettsida si. Dei som handterer dei største mengdene (cirka 90 verksemder), kallar vi tryggleiksrapportpliktige verksemder. Desse skal ha informasjonen tilgjengeleg på nettsidene sine. I tillegg skal dei distribuere informasjonen jamleg (minst kvart femte år) i nærområdet og leggje han ved i tryggleiksrapporten sin.

Dersom du er usikker på om dette gjeld naboen din, skal du få svar dersom du kontaktar bedrifta.

Du har også rett til å få tryggleiksrapporten til verksemda. Verksemda har rett til å sladde ut informasjon som er forretningsløyndomar, eller informasjon som dei ikkje ønskjer å gje ut av tryggleiksårsaker.

Blir følgde tett opp

Det finst om lag 300 storulukkeverksemder i Noreg, og 100 av desse har informasjonsplikt. Desse verksemdene er underlagde eit strengt regelverk og blir følgde tett opp av tilsynsstyresmaktene. Av tryggleiksomsyn finst det inga offentleg oversikt over alle storulukkeverksemder i Noreg.