Blant menneske over 65 år skjer 6 av 10 ulukker i eller nær heimen. Med enkle tiltak kan du bidra til at eldre slektningar, naboar og andre i omgangskrinsen din får ein tryggare heim.
For personar over 65 år skriv 80–90 % av skadane kvart år seg frå fallulukker. Her er nokre tiltak som reduserer faren for fall både innandørs og utandørs.
Det er fort gjort å snuble i dørstokkar og lause teppe. Ta bort dørtersklar til rom som blir mykje brukte. Legg anti-sklibelegg under lause teppe, eller fjern teppa heilt. Set møblar slik at det er lett å bevege seg rundt i rommet. Unngå bruk av skøyteleidning, og rydd unna andre ting som ligg laust på golvet.
Mange eldre slit med balansen. Då kan støttehandtak vere til god hjelp. Monter støttehandtak ved inngangspartiet, ved dusjen eller badekaret, og ved toalettet. Ei sklisikker matte i badekaret eller dusjen er også lurt å ha. Ein stabil stol i dusjen like eins.
Sørg også for at det er rekkverk på alle trapper. Med ei stødig gardintrapp lett tilgjengeleg på kjøkenet, unngår du at klatring på stol er einaste alternativ for å rekke opp i overskapet. Set dei mest brukte tinga innanfor rekkjevidde.
Innesko eller tøflar med god sole og støtte kan gjere det tryggare å gå på glatte golv. Legg broddar lett tilgjengeleg ved uteskoa i vinterhalvåret. Sørg for at sand eller grus er tilgjengeleg ved utgangsdøra, slik at det er lett å strø rundt inngangspartiet.
Sørg for god belysning. Med god belysning er det lettare å sjå kvar ein går og kva ein gjer. Utandørs er det lurt å montere lys med fotocelle slik at det blir tent automatisk når det blir mørkt. Pass på at det finst lommelykt lett tilgjengeleg i tilfelle straumen blir borte.
Ta kontakt med heimkommunen til den eldre dersom det er behov for tilskot til ombygging, hjelpemiddel og anna.
Eldre menneske er også spesielt utsette for brann. Slik betrar du branntryggleiken for eldre.