Med ein stappfull fryseboks forsvinn store verdiar dersom straumen går over lengre tid. Slik reddar du matvarene.
Det tek 10–30 timar før temperaturen i ein full fryseboks stig frå minus 18 til minus 12 gradar. Er det lite varer i frysaren, stig temperaturen raskare. Ved straumbrot i over seks timar må du ta forholdsreglar for å berge matvarene.
Dersom matvarene berre er halvvegs tinte, kan du fryse dei igjen. Er varene heilt tinte, bør du behandle dei som ferskvare. Bruk varene med det same, eller steik eller kok dei før du eventuelt frys dei igjen.
Du kan også pakke inn, eller isolere frysaren, for å få matvarene til å klare seg gjennom straumbrotet.
Det kan vere lurt å tenkje gjennom korleis ein skal få maten til å vare lengst mogleg ved eit langvarig straumbrot som rammar store område. Eit godt råd er å bruke først maten med kort haldbarheit (kjøle- og frysevarer), og deretter tørrvarer som toler å stå lenge i romtemperatur. Dersom du har mykje mat i frysaren, kan du vurdere å invitere naboar, familie og vennar for å ete opp maten før han blir skjemd. Les meir om beredskapsvennar.
Dersom straumen har vore borte på hytta eller medan du er på ferie, kan det vere vanskeleg å vite nøyaktig kor lenge. For lettare å kunne oppdage dette kan du bruke dette trikset: Set eit glas med vatn i frysaren. Når vatnet er frose, legg ein mynt på toppen. Dersom straumen blir borte, vil mynten søkke når isen i glaset smeltar. Dermed får du ein indikasjon på kor lenge frysaren har vore straumlaus.