Vatn i beredskap

Vi anbefaler å lagre rundt 20 liter drikkevatn per person. Dette dekkjer minimumsbehovet for éi veke, dersom noko skulle skje med vatnet i springen.


Råd om vatn 

  • Du kan fylle vatn frå springen på kanner eller flasker.    
  • Alternativt kan du kjøpe kanner eller flasker med vatn frå butikken.  
  • Reint vatn på reine behaldarar kan lagrast i årevis utan at det blir farleg å drikke. 

Du treng vatn til både drikke, matlaging og hygiene. Delar av væskebehovet kan dekkjast gjennom jus, brus og anna alkoholfri drikke. Slik kan du sikre vatn til hushaldet ditt: 

Fyll vatn på kanner 

Du kan fylle vatn frå springen på kanner eller flasker. Her forklarer vi deg enkelt korleis du lagrar vatn som kan stå i årevis. 

Kjøp av butikkvatn 

Du kan også kjøpe vatn og lagre det. Når butikkvatn er merka med haldbarheitsdato, er det for at produsentane skal kunne garantere innhaldet slik dei framstiller det. At vatnet etter kvart kan få ein emmen smak fordi flaska ikkje er heilt tett – og plasten kan setje smak på vatnet – betyr ikkje at det er helseskadeleg å drikke. 

Vanskeleg å finne plass til vatnet?   

Det kan vere enklare å finne plass til fleire små kanner enn nokre få store. Eit anna tips er å leggje små behaldarar med vatn i fryseboksen. Pass på å ikkje fylle heilt opp behaldarar som skal frysast, då dette vil føre til at dei sprekk. 

Dersom du bur du i eit bygg med fellesareal, kan du forhøyre deg med styret i sameiget eller burettslaget om det går an å få til eit felles lager med vatn. 

I denne videoen gir interiørarkitekt Boris Miller gode tips til korleis du lagar plass til oppbevaring av vatn. 

Usikker på vasskvaliteten? 

Det tryggaste er å lagre reint drikkevatn. Dersom du må hente vatn frå stader der du er usikker på kvaliteten, gjer du følgjande: 

  1. Filtrer vatnet for å bli kvitt partiklar og grums. Bruk til dømes ein sil.   
  2. Kok deretter vatnet. For å få vekk mikroorganismar som virus, bakteriar og parasittar, må vatnet fosskokast.  
  3. La vatnet få avkjøle seg naturleg utan tilsetjing av isbitar eller liknande. 

Det finst også produkt for å reinse vatn. Kaffitraktarar kokar ikkje vatnet, så kok det sjølv på førehand.  

NB! Ikkje drikk vatnet dersom det er den minste tvil om at det kan vere forureina av noko som ikkje forsvinn ved koking. Dette kan til dømes vere kjemisk forureining.   

Vi tror dette er interessant for deg