Psykisk helse i kriser

Ved kriser og uvisse er det normalt å oppleve bekymring, negative tankar, dårleg søvn, uro og andre sterke kjensler. Enkelte blir meir påverka enn andre. Her er nokre tips som kan vere nyttige for å handtere eigne kjensler, og for å kunne støtte andre gjennom ei krise. 


  • Bruk tida på det du kan gjere noko med – gjerne noko konkret som kan hjelpe deg med å fokusere tankane dine og vere til stades.  
  • Prøv så langt som råd å halde fram med rutinane du er van med, til dømes faste måltid og personleg hygiene.  
  • Ha sosial kontakt. Ta kontakt med vennar, familie og andre viss det let seg gjere. Sosial kontakt gir oss høve til å dele tankane våre og måtar å handtere ting på.   
  • Forsøk å tenkje på moglege gode utfall av ei krise – ikkje berre verstefallsscenario. Vi har generelt ein tendens til å overdrive sannsynet for at det skjer noko farleg.  
  • Bruk pusteøvingar for å få ned stressnivået. Dette er ein av dei enklaste måtane å roe seg raskt ned på. Pusteøvingar er noko alle kan gjere, når som helst, med lite trening og utan kostnad.  
  • Ver i fysisk aktivitet. Trening er med på førebyggje tungsinn og otte, og hjelper deg å fokusere på her og no. 
  • Førebygg søvnforstyrringar. Stå opp og legg deg til faste tider. Unngå å sove på dagtid. Oppsøk dagslys, og ikkje ha det for varmt i rommet når du skal sove.  
  • Forsøk å ete variert og sunn mat. Unngå for høgt koffeininntak, ver forsiktig med alkohol/rusmiddel og sørg for god væskebalanse.   
  • Bruk tid på å få humor inn i kvardagen. Humor er stressreduserande og kan vere eit godt hjelpemiddel i krevjande situasjonar.  
  • Søk hjelp og støtte. Ikkje bli sitjande åleine med større bekymringar. Det finst fleire frivillige organisasjonar som har ulike tilbod. Du kan også ringe hjelpetelefonen (Mental Helse) på 116 123.  
  • Ta deg tid til å lytte til bekymringane som barna har. Forsøk å gi ærleg, men ikkje skremmande informasjon.  
  • Forhold deg til informasjon som byggjer på fakta frå styresmaktene.   

Råda om psykisk helse i kriser er gitt av Forsvarets sanitet og Helsedirektoratet.  

Sjå rettleiaren frå Helsedirektoratet, Psykososiale tiltak ved kriser, ulykker og katastrofer, for meir informasjon. 

Vi tror dette er interessant for deg