Ein man forlet boligen med ein bag og kannar med vatn
Foto: Ivar Kvaal/DSB

Opphaldsstader ved kriser

Kor det er lurt å opphalde seg ved ei krise, kjem heilt an på kva som har skjedd. Det aller viktigaste er å søkje informasjon og følgje råda og føringane frå styresmaktene.


Råd om opphaldsstader ved kriser 

  • Legg ein plan for kor du kan dra i ei krise, og korleis du skal kome deg dit. Kanskje kan du reise til slekt, vennar eller ei hytte.  
  • Ved større ulukker og katastrofar blir det ofte etablert evakuerings- og pårørandesenter.  
  • Det viktigaste å hugse på dersom du må forlate heimen på kort varsel, er varme klede/teppe, mobiltelefon, bankkort og kontantar, litt mat og drikke, identifikasjonspapir, medisinar og hjelpemiddel som t.d. briller, linser, rullator og høyrselsteknisk utstyr.  
  • Sørg for at du har nok drivstoff eller straum dersom du bruker bil. Ver førebudd på at transport i krisesituasjonar kan vere kaotisk og ta tid. 

Kriser er ulike og uføreseielege. Det er difor ikkje lett å gi noko fasitsvar på kor det er best å opphalde seg når krisa rammar.  

I mange tilfelle er det tryggaste å halde seg heime. Dersom du har følgt råda om eigenberedskap, har du gode føresetnader for å klare deg på eiga hand i fleire dagar der du bur. Les meir om eigenberedskap for ei veke.

Andre gongar kan det vere nødvendig å forlate heimen på kort varsel. Døme på kriser som kan true liv og helse der du bur, er ekstremvêr, omfattande brannar eller ulukker med farleg utslepp. 

Ved krigshandlingar kan du få beskjed om å søkje dekning. Dersom det ikkje finst tilfluktsrom i nærleiken, bør du søkje dekning i ein kjellar eller eit rom i midten av bygget, og halde deg unna vindauge. Les meir om tilfluktsrom i Noreg.

Søk informasjon frå styresmaktene, og følg råda og føringane som blir gitt for opphaldsstader ved ei krise.  

Vi tror dette er interessant for deg