Ei kvinne hjelper ein medvitslaus person.
Foto: Ivar Kvaal/DSB

Legemiddel og førstehjelpsutstyr du bør ha heime

I ei krise kan det vere vanskeleg å kome gjennom på medisinsk naudnummer 113, eller hos legevakta på 116 117. Det er difor viktig å kunne grunnleggjande førstehjelp og ha førstehjelpsutstyr heime. 


Råd om legemiddel og førstehjelp 

  • Lær deg grunnleggjande førstehjelp dersom du har høve til det.  
  • Ha førstehjelpsutstyr heime. Har du bil, bør du ha førstehjelpsutstyr liggjande også der.  
  • Når det gjeld legemiddel og medisinsk utstyr du bruker jamleg, bør du ha eit reservelager som held til minst sju dagar. Gjer det til ein vane at du hentar ny forsyning seinast éi veke før du går tom.  
  • Ha jodtablettar heime (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande). Tablettane kan beskytte mot radioaktivt jod ved atomulukker, og skal berre takast når styresmaktene gir beskjed om det.  

Grunnleggjande førstehjelp  

Alle som har høve til det, bør lære seg grunnleggjande førstehjelp. Det finst ei rekkje tilbod om kurs og opplæring, anten du er heilt uerfaren eller treng oppfrisking. Enkelte kan også få tilbod om førstehjelpsopplæring gjennom arbeidsplassen. 

Grunnleggjande førstehjelp inneber at du veit korleis du :

  •  sikrar frie luftvegar  
  • stansar ytre blødingar og held den skadde varm  
  • vurderer pust  
  • vurdere om ein person er medviten  
  • utfører hjarte- og lungeredning  
  • bruker ein hjartestartar   

Førstehjelpsutstyr  

Under finn du ei liste over førstehjelpsutstyr som helsestyresmaktene anbefaler at du har heime: 

  •  Eingongshanskar  
  • Saltvatn til å vaske sår og skylje augo med  
  • Sårvask og sårsalve  
  • Sterile dottar til å reinse sår med (tupfarar)  
  • Plaster, kompress, bandasjar og sårtape  
  • Branngele  
  • Steril bandasje med kompress til å leggje på sår (enkeltmannspakkar)  
  • Pinsett og saks  
  • Termometer med beskyttelse  
  • Munn-til-munn-maske eller -duk  
  • Personleg verneutstyr som m.a. munnbind, handsprit og desinfeksjonsmiddel  
  • Reseptfrie legemiddel som t.d. febernedsetjande/smertelindrande (paracetamol) og allergimedisinar 

Råda om legemiddel og førstehjelp er gitt av Direktoratet for medisinske produkt og Helsedirektoratet.  

Vi tror dette er interessant for deg