Dårleg hygiene kan føre til smitte og sjukdomar. Dersom du ikkje har vatn i springen, blir personleg hygiene og reinhald straks meir utfordrande. Med litt planlegging kan du likevel bevare god hygiene også ved kriser.
Tilgang på vatn er noko vi i dag nærmast tek for gitt. Vi vaskar hendene fleire gongar om dagen, og ein dusj kvar dag er også ei sjølvfølgje for mange. Men kva dersom vatnet blir vekke i ein lengre periode?
Utan tilgang på vatn kan personleg hygiene fort bli ei utfordring. Dårleg hygiene dannar grobotn for smitte og sjukdomar. Ha difor ein plan i bakhand – spesielt med tanke på mat og matlaging.
God handvask er viktig for å unngå sjukdom og bakteriar. Ver difor nøye med personleg hygiene – spesielt etter toalettbesøk og før matlaging.
Ha det reint og ryddig heime. Ved å vere nøye med å kaste søppel og matrestar kan du unngå problem med bakteriar og skadedyr.
Dersom du ikkje kan bruke toalettet, kan du lage eit nødtoalett ved å træ ein dobbel bærepose rundt toalettsetet eller bruke ei bøtte. Bereposane kan knytast att med dobbel knute og kastast som vanleg restavfall.
Ved ei krise er det mogleg å nytte vatn frå varmtvassbehaldaren i bustaden. Trekk ut støpselet før du tappar vatn frå dreneringskranen i botnen av behaldaren, og hugs at dette vatnet ikkje bør drikkast.
Du kan også vurdere å samle vatn frå tak, elvar eller ferskvatn og bruke det til mellom anna reingjering eller kroppsvask. Ved atomnedfall eller kjemiske utslepp kan dette vatnet vere sterkt forureina og utrygt å bruke. Søk difor først informasjon frå styresmaktene.