Det kan vere krevjande å planleggje eigenberedskap for ei veke. Hugs at familie, vennar og naboar kan hjelpe kvarandre og samarbeide om gode løysingar.
Samarbeid og fellesskap er ein stor ressurs ved kriser. Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, korleis de kan bli ramma, og korleis de skal klare dykk saman.
Finn ut kven som kan trengje di hjelp, og kven du sjølv kan få hjelp frå. Med ulike eigenskapar og kunnskapar kan familiemedlemmar, vennar og naboar utfylle kvarandre.
Skaff deg oversikt over frivillige organisasjonar og lag i nærmiljøet ditt. Ei rekkje viktige oppgåver under kriser blir løyste gjennom innsats frå frivillige organisasjonar og trus- og livssynssamfunn. Engasjer deg gjerne i den frivillige beredskapen.
På frivillig.no (ekstern side) kan du lese meir om korleis du kan bidra i frivillig arbeid.
Fellesskapet og naboskapet i eit bustadselskap gir unike moglegheiter for samarbeid. Styret kan for eksempel vurdere om ein kan gå saman om å lagre drikkevatn i kjellar eller andre fellesareal.
Fleire tips til korleis styret i burettslag og sameige kan bidra til å styrkje eigenberedskapen finn du i DSB sin rettleiar for eigenberedskap i burettslag og sameige.
Styret har også ansvaret for å vurdere den samla risikoen i bygget ved oppbevaring av brannfarlege gassar og væsker.