Oppdagar du ein skogbrann tidleg, kan du ofte sløkkje han med enkle middel.
Ni av ti skogbrannar har rot i menneskeleg aktivitet. Bålbrenning og grilling er den vanlegaste årsaka.
I startfasen kan dei fleste skogbrannar sløkkjast med enkle middel. Alle brannar må varslast så raskt som råd til naudnummer 110
Medan du ventar på hjelp, kan du starte sløkkjearbeidet sjølv, men ikkje ta nokon sjansar. Kom deg ut av området før flammane omringar deg.
For å unngå å starte ein skogbrann sjølv: Hugs det generelle bålforbodet som gjeld mellom 15. april og 15. september. Dersom det er veldig tørt, kan kommunen innføre totalforbod også til andre tider.