Omtrent kvar fjerde brann startar med open eld. Følg denne hugselista og unngå dei vanlegaste feila ved bruk av levande lys.
Levande lys og brennbare materiale er ein farleg kombinasjon. Mose, drivved, kvistar, kongler, hyssing og andre tørre naturmateriale tek fort fyr og brenn godt. Lag derfor aldri dekorasjonar der slike materiale blir sette i nærleiken av levande lys. Skal du pynte eit bord, set gjerne lyset i eit eige glas eller i ei lykt med god lufting. Då står lyset stødig og kjem ikkje så lett borti brennbare materiale. Stein, glas eller keramikk kan være eit godt alternativ til brennbare dekorasjonar nær levande lys.
Det finns i dag mange fine LED-lys som kan være ein god og tryggare erstatning til levande lys, eksempelvis nær brennbar dekorasjon, eller dersom ein har barn eller dyr i huset som kan velte eit levande lys. Som for andre lyspærer, er det også viktig å sjekka at ein bruker LED-pærer med riktig sokkel og riktig spenning til utstyret.
Skal du lage lysestakar og lysdekorasjonar sjølv, sørg for at stearinlyset står støtt og på materiale som ikkje kan ta fyr. Brannsikre materiale kan til dømes vere metall, porselen, sand eller stein. Set aldri tente lys direkte på duken, på treplater eller anna som byrje å brenne.
Dersom du skal tenne fleire lys, sørg for at dei ikkje står for tett. Ein avstand på rundt 10 centimeter er nok til at lysa ikkje smeltar kvarandre. Dette gjeld også telys. Tenner du fleire telys ved sida av kvarandre, kan stearinen eller voksen i lysa bli for varm, slik at lyset byrjar å renne kraftig eller kan flamme opp.
Lykter, glas og figurar som skal huse tente lys, må også ha god lufting. Elles kan stearinen bli for varm og ta fyr.
Lys kan brenne ned fortare enn du trur på grunn av trekk eller feil med lyset. Lyshaldarar kan også sprekka og lyset kan falla ned, små barn eller dyr kan riva ned dukar eller på andre måtar velte eller riva ned levande lys. Ein brann kjem fort ut av kontroll, sørg derfor for å vera til stades i rom der det er tente lys.