Jente på trampoline
Foto: Johner

Lag reglar for trampolina

Dei fleste skadane på trampolinar skjer når born landar feil eller kolliderer med kvarandre. Snakk med borna om korleis dei tar vare på seg sjølve og venner på trampolinen.


Trampoline er både moro og utviklande for motorikken, men kan også gi skader. Ta borna med på råd og lag køyrereglar for oppførsel på og rundt trampolinen. Reglar lagde i fellesskap er lettare å forstå og følgje. Dette bør de snakke om:

Kor mange skal hoppe samtidig?

Jo fleire som hoppar samtidig, dess større er risikoen for å bli skadd.

Store og små samtidig?

Viss det er stor skilnad på vekta til dei som hoppar, er dei minste spesielt utsette for skader. Ta omsyn til dei minste, byt på å hoppe slik at alle slepper til.

Kven får lov til å hoppe?

Som eigar av trampolinen er du ansvarleg for alle som hoppar på den. Skal venner som vil hoppe, spørje om lov heime først?

Kva kan dei vaksne bestemme?

Vaksne bør vurdere ferdigheit og følgje med når born hoppar. Dei vaksne har ansvaret og må stoppe leiken dersom den går over styr.

Kva er lov og ikkje lov?

Bli einige om kva slags reglar som gjeld for turning og leik på trampolinen. Salto på trampolinen kan gi alvorlege nakkeskader dersom det går gale.

Vi tror dette er interessant for deg