Ein bustad blir overtent på fire minutt og du må redde deg ut raskt. Med jamlege brannøvingar er både små og store førebudde om alarmen går.
Øving gjer meister, også når det gjeld brann. Alle bør gjennomføre brannøving minst ein gong i året.
Mange born tykkjer brann er skummelt, men det er ingen grunn til å droppe brannøvinga. Tvert i mot kan jamlege brannøvingar gjere borna tryggare, om dei veit kva dei skal gjere om alarmen går. Sitt gjerne ned heile familien og snakk om kvifor det er viktig med brannøvinga, og kva det betyr om røykvarslaren byrjar å pipe. Dra gjerne inn leik under øvinga, slik at born ikkje opplever øvinga som dramatisk.
Det er viktig at dei vaksne framstår som trygge på kva dei skal gjere når alarmen går. Lag enkle reglar som er lette å hugse og følgje – også for små born.
Mindre born treng hjelp til å kome seg ut om det brenn. Om de er fleire vaksne og born i familien, avtal kven som tek seg av kva born og eventuelt kor borna skal vente på dei vaksne. Eldre born kan lære seg å evakuere på eiga hand. Det er viktig at alle i familien er samde om ein trygg møteplass utanfor bustaden. Her skal alle møte kvarandre så raskt som mogleg i ein naudsituasjon, slik at de er sikre på at alle er komne ut.
Ved ein brann er det aller viktigaste at alle kjem seg raskt ut av bustaden. Når alle er samla på ein trygg møtestad utanfor bustaden varslar du brannvakta på 1-1-0. Varsle naboane også. Om det er forsvarleg kan vaksne prøve å sløkkje brannen med husbrannslange eller brannsløkkjeapparat. Ikkje sett deg sjølv i fare, og hugs at røyken er svært giftig.